Vel, så er jula eigentleg i gang for dei fleste. Som permisjonspappa er det ei litt annleis førebuing til jul enn ellers. Det er ganske godt å tenke på at eg skulle vore på jobb i skrivande stund, men takka vere gode ordningar i velferdstaten får eg vere heime med borna. Dette er sjølvsagt svært travelt. Men veldig kjekt! Må derfor sende ein liten tanke til alle som skal jobbe i jula.
Slik det har vorte no tek trollet ei flaske slik at Saaben får spart seg litt. Vi slepp no å vere ved mamma sin arbeidstad for kvart måltid. Det er ganske fint at trollet tek eit flaskemåltid i lag med pappa!
Eller skal eldste trollet vere med besteforeldra å kjøpe juletre til senior i dag. Det vert nok stas.
God Jul!
Mvh, Julefinn.